Forum

På Sidetmedord.no kan du dele tanker og følelser med andre brukere eller våre ansatte veiledere. Bruk forum og vennetjeneste for å utveksle erfaringer og meninger med andre brukere, eller send en melding anonymt til oss og få svar innen 48 timer. 

Logg inn

 
  • Ny? Du som skriver til oss er helt anonym, og vi som jobber med tjenesten har taushetsplikt.

Det som fungerte for meg

Du må være logget inn for å skrive i forumene.

Logg inn Ny bruker

Forfatter
Melding
Avatar

Det som fungerte for meg

juli 15 2018 - 14:27
Eg har vore gjennom nokre grufulle perioder, men klart å finne nokre ting som balsamerer sjela mi :)

Det aller beste for meg var naturen. I tunge tider, men også ellers, gjekk eg på fjellet. Eg klarte ikkje å tenke på noko anna enn det eg såg og høyrte. Eg gjekk åleine i det tempoet eg ville, og akkurat dit det passa meg. Eg var bevisst på å ikkje ha planar den dagen slik eg slapp å tenke på klokka. Mobilen var på lydlaus slik ingen kunne forstyrre. Det er heilt magisk! Ikkje stress og prøv å sette rekordar. Drit i pulsklokke og alt det der. Berre rusle akkurat slik du føler for :) Sjå på utsikta, lytt til vinden. Det er fantastisk.

Ein anna ting var å lage ei Spotify-liste med rolig, positiv musikk. Styr unna melankolske songar som "Tears in heaven" og alt som gjer deg trist. Eg la meg på golvet, satte på musikken og lot ingenting forstyrre. Eg berre låg der og fokuserte på å puste djupt med magen og føle på alle kroppsdelane og prøvde å lamme dei best mulig.
Kvar gong eg reiser meg opp er eg kjempesvimmel. Eit tegn på at eg har slappa av og nullstilt meg. Det er utrulig deilig, og du kan lære deg nokre avslapningsteknikkar som kan hjelpe på søvn også.

Der er sikkert hundrevis av andre småting som kan hjelpe akkurat der og då. Det viktigaste er i alle fall å luke vekk det som er negativt. Kanskje du må kutte kontakt med nokre folk. Ikkje surf på sosiale media om det gjer deg deprimert. Tør å vere egoist og sette den mentale helsa di foran alle andre :)
Til forsiden