Forum

På Sidetmedord.no kan du dele tanker og følelser med andre brukere eller våre ansatte veiledere. Bruk forum og vennetjeneste for å utveksle erfaringer og meninger med andre brukere, eller send en melding anonymt til oss og få svar innen 48 timer. 

Logg inn

 
  • Ny? Du som skriver til oss er helt anonym, og vi som jobber med tjenesten har taushetsplikt.

Sitter fast i fortida

Du må være logget inn for å skrive i forumene.

Logg inn Ny bruker

Forfatter
Melding
Avatar

Sitter fast i fortida

juni 26 2020 - 15:03
Litt bakgrunnshistorie før eg kjem til problemet:
I haust slo eg opp med kjæresten min etter over 5 år sammen, blandt anna på grunn av at han ikkje ville forplikte seg til meg på noko måte. Han kunne snakke om at me hadde ei framtid, men det var mange ord og ingen handling. Me vart saman når me var 19 og eg er no snart 25. Me flytta inn etter at me hadde vore saman i eit år, men etter å ha budd saman i to år ville han ikkje bu saman lengre. Det siste året flytta han inn igjen med meg pga helsemessige årsakar.

Allereie tre måndar etter bruddet starta eg opp eit forhold med ein tidlegare kollega av meg (som er 30), og me har no vore saman i snart eit halvt år. Eg trives mykje betre i dette forholdet, til tross for at han har gjort det tydelig at det nok er eg som har mest kjensler og er mest framtidsretta

Problemet mitt er at no om våren og sommaren er ei tid der mange par blir forlova eller giftar seg, og dei siste vekene er det tilsaman 6 vennepar av meg som har enten forlova seg eller gifta seg. Av ein eller anna grunn blir eg forferdelig lei meg kvar gong noko av dette dukkar opp på sosiale media. Eg mistenker at det kan vere fordi eg framleis syns det er vondt at eksen ikkje klarte å forplikte seg (ikkje nødvendigvis ekteskap eller forlovelse, men noko), og at eg no ser for meg at det kjem til å ta lang tid for meg å byggje opp den type forhold med nokon andre igjen. I tillegg til at eg er redd for at eg skal gå i samme "fella" igjen.
Til forsiden