Forum

På Sidetmedord.no kan du dele tanker og følelser med andre brukere eller våre ansatte veiledere. Bruk forum og vennetjeneste for å utveksle erfaringer og meninger med andre brukere, eller send en melding anonymt til oss og få svar innen 24 timer. 

Logg inn

 
  • Ny? Du som skriver til oss er helt anonym, og vi som jobber med tjenesten har taushetsplikt.

Bøn til morgondagen

Du må være logget inn for å skrive i forumene.

Logg inn Ny bruker

Forfatter
Melding
Avatar

Bøn til morgondagen

mars 8 2022 - 00:07
Kjære morgondagen.

Deg har eg trua på. Måtte du ta meg med langt, langt vekk. Til ein bar flekk i ei solrik og lun li. Me skal fyra kaffibål saman. Berre sitja og nyta varmen frå sola medan kaffien trekkjer. Du og eg. Kanskje syng småfuglane litt til ære for oss. Me skal gå langt. På hjortetrakk og gjennom buskar og kratt. Kanskje ser me noko nytt og spanande?

Dagen i dag, du var ein sjuk faen. Du var rett og slett ikkje god. Du gav meg juling. Ikkje snill.

Og gårsdagen? Du imponerte meg ikkje. Og ikkje du før der igjen heller. Dykk kom berre med ein heil masse arbeid, ting som skulle vore gjort, helst dagen før. Stress, angst og elende. Aldri tid til trening eller noko kjekt. Jammen godt at fysisk aktivitet er den einaste forma for sjølvregulering eg kan. Ganske bra regulert for tida kan du seia.

Og kvifor skal alle vera så sjukt lukkelege og tilfredse? Eigenutvikling som menneske og kompetansebygging på jobb. Eg kom meg ikkje raskt nok derifrå. Eg er så sur, lei og utbrent at eg hadde sikkert sett heilt uforandra ut etter ei kremering.
Så bra for deg at du aldri kvir deg for å ta ein telefon. Eg sat ein halv dag i dag og gjorde det ikkje. Du likar å snakka foran folk sa du? Kanskje me utfyller kvarandre. Eg held helst kjeft.

Nei, gje meg ein morgondag utan pc og telefondekning. Ullklede inst. Eim av sur bålrøyr i nasa. Kald og frisk luft. Sliten og lukkeleg.
Til forsiden