
Forfatter
Melding

doorbell
Håpløst
feb 17 2023 - 23:50

Tolerant
Re: Håpløst
feb 18 2023 - 01:18

Sindre00
Re: Håpløst
feb 18 2023 - 02:19
Psykiatrien og psykisk helse har på ein måte vore der heile tida. No har dei dessverre dessverre nedprioritert psykiatrien og det er heilt forferdeleg!
Det er no tida har komme til at vi må stå sammen, tenker eg.
Ja ein må prøve å til ein viss grad ordne opp sjøl, men eg tenker også at vi har komme til den tida at vi må halde meir sammen oss menneska. Det er i alle fall det eg føler på i desse tidene.
Det er ikkje alltid ein føler at ein klarar å hjelpe seg sjøl, og då må ein prøve å ta tak i andre. No skriv du her, og det er ein begynnelse.
Ein gang sa eit familiemedlem til meg at no er du på bunnen så no kan du ikkje komme lengre ned, og det er bra. Eg huska det gjorde meg forbanna, for eg var sikker på at eg kunne komme lengre ned.
Det som er greia er at når ein kjem veldig langt ned, så må ein etter kvart snakke med nokon. Kanskje.. om du får det til så må ein og gråte ut iblandt.
Eg håpar at ting med tid og stunder vil bli betre, og eg skjønnar at "med tid og stunder" ikkje vil følest bra nok.
"Det er mange veiar til Rom" er noko som heiter. Eg håpar verkeleg at du finn DIN vei, for det er det det handlar om. Ikkje alle andres vei!
Eg anar ikkje kor gammal du er eller kva du slit med.
Har du skreve til dei på sidetmedord? Har du skreve med folk innpå her? Du kan søke om venner her. Kanskje du kan ta kontakt med fastlegen. Eg håpar verkeleg at du prøver å finne på noko så du ikkje gir opp.
Eg håpar i alle fall at du finn nokon å snakke med og at ting kan bli betre for deg.
Eg hadde eit postkort ein gong der det står: If you are walking through hell, keep walking! Det er noko der, men det kan iblant følest lettare sagt enn gjort. Eg håpar du finn veien framover!
Klem frå meg!