
Forfatter
Melding

Falaacus
Få vekk stigmata.
feb 25 2014 - 20:13
Eg skreiv at eg hadde det vondt, og at dette skuldast psykisk sjukdom.
Eg kan ikkje forstå kvifor eg liksom skal få ein skjennepreken på grunn av dette. Det er heilt akseptert at folk som har ein eller annan form for fysisk lidelse, det vere seg prolaps eller eit knekt bein, eller stiv nakke, skal klage på det.
Det som ikkje er akseptert er psykiske plager.
Eg ønsker å få vekk dette fryktelige stigmaet som er festa på oss. Men eg veit ikkje korleis.
Har nokon nokon tips til korleis eg skal gå fram?