Forum

På Sidetmedord.no kan du dele tanker og følelser med andre brukere eller våre ansatte veiledere. Bruk forum og vennetjeneste for å utveksle erfaringer og meninger med andre brukere, eller send en melding anonymt til oss og få svar innen 48 timer. 

Logg inn

 
  • Ny? Du som skriver til oss er helt anonym, og vi som jobber med tjenesten har taushetsplikt.

Eit essay - eg vonar det ikkje er for langt.

Du må være logget inn for å skrive i forumene.

Logg inn Ny bruker

Forfatter
Melding
Avatar

Eit essay - eg vonar det ikkje er for langt.

aug 2 2014 - 23:33



Ein vert alltid tvunge til sosialisering. Av alle slag. Uansett kor ein er. Ein må sosialisere. Det hjelp lite å vere eit angstvrak som eg er då. Uansett kor mykje eg trygla og ba på ymse skular var det ikkje bra nok. Eg måtte vere sosial. Eg måtte. Det var ikkje snakk om noko anna.
Når eg gjekk på kunstskulen vart mi manglande sosialisering trukke opp som ein negativ ting under noko som best kan beskrivast som ein eksamen. Dei skulle sjå på kunsten eg hadde produsert det siste halvåret. Og ingenting anna. Dei såg ikkje på kunsten i det minste. Det einaste dei fokuserte på var at eg ikkje var sosial nok, og at eg angiveleg fekk dei få venene eg hadde til å ikkje vere sosiale. For, som vi alle veit, det er ingenting som er viktigare på skulen enn å sosialisere. Det er, tilsynelatande, gjennom sosialiseringa ein vert akseptert og sett som eit menneske. Om ikkje er ein ein psykotisk kødd som ikkje er i stand til å hanskast med noko. Og iallefall ikkje med kunst. For – som sagt – det er det sosiale som er det viktige når ein skal bedømme kunsten til ein student. Same kva ein har prestert av kreative aktivitetar, same kor vakkert det er, det er ikkje viktig. Om ein ikkje har vore sosial nok. Slik er det på alle skular. Ein lyt vere sosial. Om ein faller utanfor det sosiale samfunnet som er kreert i skulen, vert ein uglesett. Av både lærarar og medelevar/studentar. Så slike som meg, som er introvert av natur, og samstundes lid av angst som diagnose, faller utanfor. Og skal kjeppjagast ut av det norske skulesystem. For vi treng ikkje slikt. Og vi har ikkje slikt. Og det finst ikkje. Og ymse andre sjølvbedrag.

Eg gjekk på ein skule som overhovudet ikkje ville akseptere at eg sleit psykisk, og difor ikkje nølte med å putte både stokk og stein i vegen for meg når det gjaldt varierande akademiske mål. For det fanst ikkje. Dei ville ikkje høyre av det. Det var same skitet på vidaregåande. Det som var, det var, og det som ikkje var – nemlig angst og påfølgande sinnslidingar – vart ikkje høyrt, vart ikkje akseptert, vart ikkje tenkt gjennom. For det var ein uting. Det var ikkje noko ein skulle snakke om eller hanskast med. Det var ein uting, og det skulle ignorerast, eller tiast i hjel.

Eg høyrast kanskje urettvis ut no, men det er slik eg har erfart det. Heile greiene. Når eg skulle fortelle om det på skulane. Vona å finne forståelse og tilrettelegging. Var ikkje snakk om. For det var jo ikkje noko feil med meg, må vite. Var ingenting feil. Sjølv om eg skalv og hyperventilerte. Det var ingenting feil. Var berre noko eg sjølv måtte hanskast med. For skulane ville ikkje sjå det, høyre det, tenke det.

Om eg hadde vore bunde til ein rullestol hadde dei tatt hensyn. Hadde dei tenkt seg om to gonger. Hadde dei vore forsiktige og lagt til rette. Men sidan eg sleit psykisk.. vart det ikkje tatt på alvor. Vart det ikkje gjort noko med. For det var ikkje viktig nok. Ikkje alvorleg nok. Dei kunne ikkje sjå det.

Og dei ville ikkje tenke på det.

Eg vart ledd ut. Kunsten min, ei heller personleg affære, som tok føre seg både angst og depresjon, vart ledd av. Beint fram ledd av. Av ein lærar eg hadde. Ho prøvde ikkje å skjule det eingong. Ho lo, rett ut. Og sa heller ikkje unnskyld. Fordi ho... eg veit ikkje... ho lo berre av det. Sjølv om det var vanvittig personleg. Sjølv om det var vanvittig viktig. Lo av det. Utan blygsel.

Det står dårlig fatt med oss som slit psykisk. Vi vert ikkje tatt på alvor. Vi vert ikkje høyrt! Fleire gonger har eg fått høyre at "slike som meg" fortener å verte skutt og drept. Eg har fått høyre at eg burde vore plassert i ein konsentrasjonsleir for slike som meg, så eg kan lære meg å verte produktiv igjen. Så eg kan vere nyttig for samfunnet igjen. For eg dug ikkje. Ikkje ifølge navlebeskuarar som ikkje er i høve til å sjå lenger enn si eiga nase. Det burde finnast ein konsentrasjonsleir for slike som oss. Slik tenker folk.

Folk ser oss ikkje. Folk vil ikkje akseptere at vi er her. Folk vil ikkje innsjå at psykisk lidelse er ein ting – ein ting ein ikkje kan gøyme bak år med sjølvbedrag og glimt av falskt håp. Sjølv ikkje mor mi er i stand til å tru at eg slit så mykje som eg gjer. Dette er vanvittig sårande. Same kor mykje eg vil informere ho om det... det fall på døve øyrer.

Så då er spørsmålet: kva slit eg eigentleg med? Eg er diagnostisert som schizoaffektiv. Eg slit med eit ukjent antal angstlidingar. Deriblant sosial angst, angst for å svelge, night terrors, høgdeskrekk, klaustrofobi m.m. Eg er også hypkondar, noko som gjer legebesøka mildt sagt underholdande. For eg går gjennom dagane, fullstendig overtydd om at det er noko alvorleg feil med meg reint fysisk. Dette vert gong på gong motbevist, noko som gjer at eg sikkert ikkje går til legen når eg burde, ettersom eg har lært meg at det jo ikkje feiler meg noko.

Eg ønsker at vi alle – alle som slit psykisk – skal reise oss. Eg vil at vi skal ta våre steg framover. Mot ei verd kor folk forstår, mot ei verd kor vi omsider har fått folk til å forstå. At vi ikkje skal skubbast vekk. At vi ikkje skal plasserast i skuggane. At vi skal verte høyrt. At ropa våre ikkje skal visne vekk og verte støv og oske. Eg vil ei verd kor vi har høve til å snakke om kva som feiler oss utan å måtte møte motstand, utan å til stadighet møte sleip kviskring og tause brøl om at vi ikkje er noko verdt. Eg vil ei verd kor det vert akseptert å vere sjuk. Kor psykisk sjukdom vert satt på lik line med fysisk sjukdom. Eg vil ei verd kor det ikkje lenger skal vere meir eller mindre akseptert at vi, som er psykisk lidande, skal vere sett på som andre-klasse borgarar. Eg vil at vi skal reise oss og vere ærlege om det som plagar oss, ei verd kor folk vert nødt til å høyre på oss og akseptere det dei ser, det dei høyrer.

Eg vil ei verd kor det ikkje lenger er tabu å slite psykisk. For den verda kor det er tabu har vi hatt altfor lenge.
Avatar

Re: Eit essay - eg vonar det ikkje er for langt.

aug 2 2014 - 23:50
"At vi ikkje skal skubbast vekk. At vi ikkje skal plasserast i skuggane."
Godt sagt!
Kjekt å sjå at du skriv på nynorsk :)
Avatar

Re: Eit essay - eg vonar det ikkje er for langt.

aug 2 2014 - 23:57
Takk for det :)
Avatar

Re: Eit essay - eg vonar det ikkje er for langt.

aug 7 2014 - 03:40
Du er ikke alene. Og nå er heller ikke jeg det. Takk :)
Avatar

RE :Eit essay - eg vonar det ikkje er for langt.

april 17 2015 - 22:08
Tusen takk for dette essayet. Jeg går på kunstskole og har angst selv. Det er veldig utfordrende noen ganger. Heldigvis har jeg blitt møtt med forståelse fra lærerne mine her. Men jeg engster meg for hvordan det vil bli i fremtiden. For det er ikke alle som tar det alvorlig, slik som du jo skriver. Og det er så sant. Jeg har tenkt det mange ganger selv. Blitt så frustrert. For uansett hva man driver med, uansett hva man ønsker å studere, så forventes det at man skal være sosial. Sosialiser deg! Det er punkt nummer én. Og man skal hele tiden snakke. Presentere, kommentere. Som om det var en selvfølgelighet. Det er så jævlig slitsomt.
Til forsiden