Dagen for ord
I dag er dagen for orda tydelegvis
Det er i dag alt kjem, det er i dag alt er i meg. Kvifor veit eg ikkje, men det er her i dag og derfor skriv eg. Eg føler og skriv og føler og skriv. Alt kjem liksom berre i dag. Eg veit ikkje kva eg skulle gjort uten denne sida. Eg veit faktisk ikkje i det heile. Då hadde denne dagen vore så tung, so einsom, so mykje verre enn den har vorte fordi eg får lov å skrive her inne. Fordi eg veit at nokon tek imot orda mine. Uten det, då hadde det vore vedig ilt.
Så viss eg er takknemleg for ein ting i dag, så er det sidetmedord.no
Veldig takknemleg! Når eg tenkjer på alle stunder dikka har vore her for meg. Til alle døgnets tider kan eg skrive og til alle livets utfordringar. Det gjer så uendeleg godt. Så i dag føler eg takknemlegheit fordi eg var så heldig å finne denne sida og for at den eksisterte. I så mange år har eg skrevet her inne. Mange gonger ofte, og så kanskje lang tid, men eg har alltid vore her. Mange ganger mykje ord på ein gang og vonde ord. Andre gonger berre for å skrive, berre for å ha kontakten med nokon.
Terskelen er så låg, iallefall no. Eg hugsar den ikkje var det før. Då følte eg meg til bry med å skrive alt og eg følte meg rar og sjuk. Men no føler eg meg berre følsom som menneske og eg føler meg sterk som klarar å skrive, som klarar å dele og eg føler styrke av å dele og vite at nokon er der i andre enden og les og tek imot. Det nærer.
Så takk!