Songen

Eg trudde så vel at dette var gongen
at endeleg eg skulle finna den songen
songen om kjærleik og berre du og eg
men atter ei gong drog du din veg

Når hjartet mitt brusar og alt kjens rett
så skjer det kvar gong, du gjer retrett
eg vil det for mykje, det må eg meine
eg er nok døymd til å vandra aleine

Songen om kjærleik den verkar så god
dei smiler og ler, dei som er to
eg syng og eg syng, å som eg vil!
men vert ikkje høyrt, no teier eg still

Til forsiden