Han vekte meg

Han vekte meg midt på natta

Han vekte meg midt på natta.
Far min sa: -det er snart dag,
me må skunda oss ned til vatnet
-det er no fisken er i slag !

Vatnet låg mørkt og stille.
Han sa: -du får sjå etter vak
så held du god greie på sluken,
prøv og treff framfor, eller bak.

Det var vel eit underleg syn
eg sette fast i busk og kratt
men den støe gode far min sa
det var no framleis natt.

Etter kvart gjorde øving susen,
eg både kasta og fekk fleire napp.
Eg fekk læra meg tru og tålmod
etterkvart som dei fleste slapp.

Å lukke! Eta varm aure,
snakka om skule og fjerne mål.
Berre eg og far og fisken og
eit bedageleg knitrande bål.

Men snart fekk eg læra om lukka
at ho ikkje kunne bli eller vara
og alt som var varmt, trygt og roleg
pakka saman og laut visst fara.

Han vekker meg midt på natta
eg står opp og kler meg i hast.
Eg står åleine nede ved vatnet
og prøver på nye kast.

Til forsiden