Tilbake Tilbake: Livsknuter

Å, om eg hadde

Å, om eg hadde
ei snor til å halde
då kunne eg sleppa meg
våga å falle
Å, om eg hadde
vengjer å fly med
då kunne eg sveva
og lett kunne lande
Å, om eg hadde
evna å dykkja
til djupaste djup
utan å drukna
Å, om eg var
den eg ønskjer å vera
akk om eg gjorde
alt eg ønskjer å gjera!
Men, kva om eg er
berre slik det er meint
utan ei snor eller vengjer,
utan å pusta under vatn!
Gje meg plass, gje meg rom
slik er eg, berre meg!
godta, og sjå
at eg er den eg er!

Til forsiden