Tilbake Tilbake: Håp

Etter at midnattsklokka slår

Etter at midnattsklokka slår
er det allereie ein ny dag -
lenge søv denne dagen i mørker
uvitande om at syster sol
er på veg til hans landskap.

Så bi då, trøytte sjel,
til mørkret avskaffar seg sjølv -
bli fri, flyg høgt som ørn
mot solbrennande tindar -

Tenk på lyset i mørkret,
eit fritt sinn har stige
høgare enn alle tindar
for å riste himmelteppet
i erkjenning av eksistens.

Du ristar stjerner frå ditt
teppe, og blir fri -
du lækjer den verste fiende
med ditt opne sinn -

Du flyg høgare enn ørn
og ler letta over dei
avgrunnar og djuv som
fanst i ditt førre hjarta.

Til forsiden