Nokre gonger

Nokre gonger er alt svart,
som en evig desembernatt.
Då er det vanskeleg å kunne skildne noko som helst.

Så mørt det har blitt,
så uvant å stritt,
som en evig kamp rettet mot deg
og meg.

Kor er dagen blitt av,
dagen der me skulle slutte å kjempe?

Det er så mørt her,
klumpen i magen har blitt for svær,
Eg veit ikkje korleis eg skal hjelpe deg,
eller langt mindre megsjøl.

Kor blei sola av,
stjerna som brukte å skinne vei?

Så grått alt har blitt,
kan du spole tilbake litt,
til då livet var gjevt og
til der me fryktlaust bega oss ut.

Men håpet kan ingen ta frå oss,
sant min venn?

Håpet er ennå der,
gjemt men allikevel her,
som ein urkraft i oss,
det som holder oss gående.

Nokre gonger er alt svart,
som ein evig desembernatt.
Då er det vanskelig å kunne
skildne noko som helst
men tross alt er me ennå her,
kamplysten våkner tillive atter ein gong,
og trangen til å bevise noko,
kva som helst som gjør at me holder oss flytande,
med hodet såvidt over overflaten av det skinnande, blanke, altomslukande livet der så mange mister motet, men finn det igjen. Igjennom nestekjærleik. Igjennom oppmuntring. Igjennom mot.

Til forsiden