Erfaringer
Etter tanke
ETTER TANKE.
Du såg ho på butikken i kveld,
Ho var ikkje på jobb i dag.
Ho er vel litt lat og vil ha fri
Du såg ikkje kor trøytt ho var
Netter ho var våken med et kronisk sjukt barn
Han var stille i selskapet ,virka litt sur .
Han likar oss ikkje vi veit jo det.
Veit du kva mot det kravde,
og trosse ein angst og vere til stede.
Har du sett kor feit ho er blitt
Ho lever vel på sjokolade og godteri.
Ser du kor fortvila ho er,
Ho vil så gjerne vere slank og fin,
men alt er biverknad av medisin
Ser du bestemor passer barnebarnet sitt
Foreldrene til barnet må vel klare slikt.
Ser du ikkje at mor og far er til stede
Sjeldan ho har barna heilt åleine
Barnebarna gir bestemor meistring og glede.
Såg du han fyren på gata i går ,
Han sjangla var full der han gjekk.
Visste du om hans sjukdom
At det var derfor han gjekk med ustøe skritt.
Kvifor dømmer vi mennesker uten vi veit ?