Ei kappe
Eg kjenner at kappa med jag ligger over meg.
Den bretter seg rundt meg og eg kjenner den i huda, der ligg den og stresser meg.
Det er oppgåva til kappa med jag.
Eg vil gjerne gi den i frå meg til dykk.
Ver snill og ta den dit den skal vere for meg.
Eg trenger litt hjelp med denne.
Den liksom heng fast i nakken min.
Eg snakker med den no, det skal eg gjere no i dagen.
Spørje den kvifor den framleis er her.
Kvifor den heng sånn fast og fortelje den at ting er annleis no.
Eg er annleis. Eg velger meg eit anna liv enn før, der kappa med jag var naturleg, men no er det hjerta som får velgje og sjela mi.
Sjela mi velger seg fred, ro og balanse.
Hjerta mitt velger seg kjærleik og glede.
Derfor så har kappa med jag gjort sin misjon, eg har lært.
Eg velger meg kjolen med kærleik og glede, eg velger meg blomstrane for fred, ro og balanse.
Farvel kappa med jag. Takk for det du har lært meg. Takk for at du viser deg så klart for meg, slik at eg kan ta farvel med deg.
Takk for at du kom tilbake, slik at eg kunne ta eit endeleg og skikkeleg farvel.
Du vil alltid leve i mine minner, og du vil alltid vere eit symbol på min lærdom.
Eg veit at du og veit at vi er komme ved veis ende, eg og du.
Eg ser du smiler til meg.
Eg smiler tilbake.
Eg ser vinden leikar med deg og liksom dansar med deg, tek deg dit du trengst.
Farvel
C