Tilbake Tilbake: Eksistens

Generasjon X2

Vi er ein generasjon
oppdratt av dårlig
pornografi; stinkande

reality-program med
bleikt blikk, blankt
piss på underholdning, skrikande
og brølande, hamrar seg
på brystet, trekk dyna over
andletet
og over
skallen
og penis/vagina-mishmash
i katatonisk, kaotisk forvirring
av manglande seksualitet,
Eller snarare – klaging på
påstått manglande
seksualitet; ordlyd sprengt
laus frå fjellet og
tusenvis av trange, lange,
tørre monologar og
foredrag i stive rom, skjelvande
og sovande og
snøvlande
med fingrane
låst hissig
fast i
kvitt papir, draumen om
bøkene som
sklei over isen, sklei gjennom
stiv, taus, panisk, manisk, jublande,
leande manglande forståelse
og skryt og skjellsord, haglande
og pissande i blank
fornærming, gulspor i snø, dritt
i skuledusjen i gymtimane
som pressa si
tvangsosialisering og fryktsam
fysisk kontakt
med svette armhuler og
tårene sprekkeferdige, kjølige
blikk og
manglande
samtaler; stinkande vrede
og sinne
i fellesdusj kor
nakne
kroppar hamra seg
stivt, men elegant, mot
flislagte veggar og golv;
ikkje alltid dei same
blikka, dei gamle møtene
i dunkle stuer, i dunkle kjellarar
og delte
meiningar
over fullada askebeger
som sprakk til slutt samstundes
som illusjonen
brast
og sneik seg tilbake til lukta
av sommar, lukta av svette, nybada
kjønn i bitkaldt vatn
i varm vind, mild og
forsiktig trakk ølflaska ut
orda som aldri skulle
kome ut, men som
kom ut likevel
i gammaldags håp
om tunge mot tunge,
kjønn mot kjønn
kor vi drakk saltvatn
og diskuterte musikken
som steig ut, forsiktig,
frå ein felles bevissthet, ein
felles følelse av at
alt vi gjorde var rett
på eit vis
og at alt vi gjorde
gav meining
på eit vis
sjølv om vi frykta invasjonen
frå tom TV, blankt og stirrande og
siklande med den same gamle pornografien, den
same gamle tala,
det samle gamle fokuset på
musklar, puppar, rompe, lår,
folk i tjueåra som spelte
dummare enn dei var,
tomme i skallen,
spelte og spelte
i påstått og påtatt
virkelighet, la skjul og demper

forståelse,
satt fyr på
fornuft og
kasta seg
jublande i seng
framfor kamera
som sto som tause
vitner
til hjartelaus,
meiningslaus
kopulering; tørr
og ukomfortabel
tørrpuling i
tause, merkelige
tomrom mellom
vaken
stiv dag
lengtande etter forstått
merkelig
dans
merkelige
ord
merkelige
dagar
som forma TV-tittinga seint
på natta
når verda sov
og alle burde
sove
Og min første intense hallis
kasta seg over meg
i skumring eller i natt,
og beistet sto utanfor vindauget
og dagane forsvant i natt
og natta forsvant i insomnia,
kasta hissig på meg
i angstskjelvande, bannande
trøytt og jævlig uvitenhet
om kva som eigentlig
skjedde
anna enn
"Big Bad Is Back"!
Bad Big is kcaB!
Kunsten å penetrere TV'en
med krasse never; knytta sint og
surt med strupen knytta
kring handledd
og handledd knytta
rundt pussig depresjon; trongen til
å ligge
f
a
n
t
a
s
t
i
sk
I senga heile dagen, telle
edderkoppar i taket, telle taket
i edderkoppane og juble redselslagen
når natta kom, og med den, angsten
for hallisar, angsten for
å høyre operasong frå avslåtte høgtalerar, svettande
og ønske seg tilbake
til den dagen rett før den natta
då den personen var der, eller deromkring,
og den merkelige lukta var lukta av kjølig
og varm forventning
frå ein generasjon oppdratt på
tom og hul lyd og bilete frå
Blafrande
skjerm,
reklamene som
ville fortelle korleis
livet skulle bli betre,
korleis livet skulle
gå vidare,
og spegelen er knust
og hammeren er revna
og muren blei større og sterkare
og ryktene gjekk
og dagane kom
og blei natt
og blei stille
og pornoen blei enda dårligare
og hissige ord frå nyhetane slo hull
på jubel, slo hull på
latter då alt tok fyr
og flammene flaksa brølande
gjennom stua og gjennom
lettpåvirkelige og livredde
tenårings-skjelvande skrottar i
de tusen hjem, og den saga natt som senker,
senker drømmer på vår jord
til draumen tok over
og skada allereie var skjedd
trygt og stivt, slit, snakkande salig rus,
verbalt knivstukke
med stivt blikk, katatonisk, kaotisk, komisk,
koma
koma
koma
kameleon,
skulle slutte med alt, gi oss
med alt, den dagen, dei dagane,
glad det gjekk,
ein generasjon av poetar,
kunstnarar, drøymarar, forfattarar, leande
og levande, skjønne, vakre, tenkande, pustande,
vidunderlige, håpefulle, klare, kraftige, drøymande,
fastlåst i draum og tilverelse, fastlåst
i dei same gamle fantasiane;
vidunderlige pøbelstrekar,
song, slit, jubel-latter.

Til forsiden