Eg er deprimert
Men kva vil det seie, kjensla av miste noko du ikkje veit når du mistet.
Det siste året har eg vore på botn, men putta eit smil på min munn.
Eg hadde ein tanke/oppleving inni meg som berre vaks seg større, og større, og større.
Til slutt vaks den seg til stress, einsemd og trøytthet.
Folk seier eg berre må kome meg meir ut, ete meir og sova meir.
Så vil alt bli bra..
Alt bli bra, sa dei..
Men du er ikkje der..
Er ikkje der da eg skal døra, og inn i eit univers kor eg ikkje høyrer til. Gjerne gråte litt før det også, fordi du ikkje følar deg velkomen.
Er ikkje der da eg har ein skoleoppgåve som skal vert levert om nokon minutt, som eg enda ikkje har starta på. Enda ikkje starta på fordi tankane tek over, tankane bestemmer, og tankane kontrollerer.
Er ikkje der da eg skal sova, men gjerne gråte to timar fyrst. Eg gråt og får vondt i hovda, så liggjar enda to timar i smerte.
Hadde eg fått valet om å stå opp eller liggje i senga ein heil dag, hadde eg lett valt senga. Ikkje fordi det er det mest behagelege i staden, men fordi eg ikkje orkar å gå igjennom de sama tankefulle dagane om og om igjen.
Eg tek medisinar som visstnok skal gjere meg glad, men du ser meg jo aldri glad. Du seier eg berre dramatiserer fordi du ser meg smile og le med venene i friminuttet. Og ja, det er kanskje min eigen feil som ikkje greier å forklåre deg godt nok. Men korleis skal du forklåre noko ein sjølv ikkje forstår? Det er som ein evig kamp mellom hjerne og kropp, kor det ikkje finnast nokon vinnar.
Du seier eg er lat og ikkje gidd å dra på skulen. Eg er ofte borte nokon dagar, og viss det er på det verste er eg borte ein heil veke. Ikkje fordi eg er lat eller ikkje gidd, men fordi eg slit. Slit psykisk.
Kan du tenkje deg korleis følelse eg går rundt med. Følelsen av å kjenne at den bakken du har så trygg under deg, berre forsvinn? Sakte men sikkert. Eller korleis du hadde kontroll på alt, men du berre mistar gripen? Sakte men sikkert.