Tilbake Tilbake: Depresjon

Det banka på døra

-

Det banka på døra
Der sto styggen
Reiv ned alt eg trudde eg hadde bygd opp
Strippa meg til skam
Drog ut mørket
som eg ein gong hadde rydda bort
inst der inne
Han ødela alt
Tok frå meg både matlyst og nattesøvn
Spurte ikkje om det passa
Det gjorde det så absolutt ikkje
Så no står eg rykka tilbake til start
Forsøker vise han vegen ut
Han bryr seg ikkje om mine planar
For dagen
For veka
For livet
Åpner berre døra på videre opp
Slik at hauststormen fritt kan herje
Og eg må bygge leveggen opp på nytt
Men har rota vekk den himla bruksanvisninga

Til forsiden