DEI VONDE DAGANE
Dei vonde dagane,
eg må leve dei.
Prøve snu tankane.
Eg går då,
opp bratte bakkar.
Ser klarere då.
Fokuserer på det eg ser.
Dei vonde dagane.
Regn og ruskevær.
Regnklær og støvlar.
Einsam går eg her,
silar ut dei vonde tankane.
Dei vonde dagane,
eg må nok leve dei.
Leve dei som best eg kan..