Tilbake Tilbake: Angst

ho ventar

Eg skriv om å kome i gang igjen, om det å sjå eit håp der framme.

Ho står der og ventar på meg.
Eg veit det lenge før eg er der.
Kva ventar Ho på?
Kva vil Ho? Ho berre står der.
Seier ikkje noko.
Ho svarar meg aldri.
Det er som Ho har stengt omverda ute,
seg sjølv inne?
Eg vert ståande og sjå på henne.
Det livlause håret, den bleike huda. Det er som livet har gått ifrå Henne.

I det eg møter blikket Hennar veit eg kva som vil kome.

Eg spenner kroppen, knip hendene saman,
men Stormen som treff meg klarer eg likevel ikkje å stå i mot.
Den riv og slit, trengjer seg innover,
tek tak i bringa mi og held fast.
Eg får ikkje puste!
Hjartet dunkar hardt, sterkt!
Blodet strøymer som fossar gjenom meg.
Smerta sender ut piler som sviande stikk.
vert til ei kule av bly det er umogleg å halde oppe.
Eg vil vekk herifrå, men kjem meg ikkje nokon stad. Føtene er spikra fast i golvet. Eg vil leggja meg ned, men kroppen har stivna. Eg kan ikkje røre meg,
eg kan ikkje flykte!
Eg hiv etter pusten.
Vil ut av dette!!!!

Endeleg slepp stormen taket. Pulsen vert normal og eg kan pusta.

I det eg lyftar augene ser eg at noko er annarleis.
Eg ser på kvinna. Ho står der endå. Ventar.
Kvinna i spegelen ventar, på meg?
Ho smiler til meg.
Eit oppmuntrande smil. Eit smil som gjev lovnadar om betre tider.
Eg smiler tilbake.
Kvinna i spegelen ventar på meg!
Ho ventar på at at eg skal kome meg vidare.
Ho ventar på dagen som snart er der.
Dagen då eg er klar for å leve igjen!

Snart!

Skjelvar

Til forsiden