Jubeljuvel
Alle andleta smelta og
forsvann
i vasken, skrikande.
Eg drukna meg i skam
og såg spelet spele spelet
bakerst i skallen, eller
øverst i augene.
Musikken forsvann bak
jublande oksygenmangel;
drukna i redsle.
Hysteriske blikk frå
alle veggane
og alle orda vart forsvinnande
korte og tunge.
Eg var ikkje meg sjølv meir
der eg såg tomme flasker
på grusen og under
føttene mine som
sparka hurtig og kraftig
mot nakent skritt og kuk
som eg for seint
lærte var mitt eige skritt,
min eigen kuk.