I natt, som før
I natt vart lydane
av bilane som
suste forbi
på mystisk vis forvandla
til brølande menn
eller skrikande
kvinner; ein merkeleg
metamorfose
som vrei og vrengte
på tankane mine og
på bileta som flakka bak
augelokka, til
draumen braut
med virkelighet
og dro meg
svevande og
leande ut og gjennom
ein ny inngong,
ein ny tanke
eller eit nytt
skodespel
som
drukna i det
eg vakna frå draumen
og innsåg at
klokka var passert
rimelig tid; at ho
var skeiv og
snodig
og finurlig
og at dagen
vart lang igjen; stempla
metodisk melankoli
på handledd og på
panne
og på
nakent bryst, stenkt
i svette
og gammal søvn eller
gamle
maleri
svøpt kring kroppen
i leikande
latter,
smittebefengt og
veldig
veldig
veldig
naken.