Angst til frukost
Ryggen.
Du såg berre ryggen.
Angst til frukost
Ryggen.
Du såg berre ryggen.
Ryggen viste sitt sanne eg.
Du mista ei, ein og mange.
Det slo hardt.
Langt ned i magen.
Hjarta slutta å banka.
Det berre slo.
Eit slag for å leva.
Å halda seg ved liv.
Det varte lenge.
Det varar.
Som støpt.
Kvalmen stig.
Du får ikkje svar.
Du leitar.
Veit ikkje kva.
Veit fortsatt ikkje.
Kva var det som skjedde?
Kor tok dei vegen?
Kor høyrer du til?
Før var du glad.
Kjerneglad.
Trudde du.
Visste du.
Så viste dei ryggen.
Den mørke ryggen.
Uovervinneleg.
Høg.
Mørk.
Og sterk.
Det rører seg i magen.
Det er ikkje luft.
Det er ikkje liv.
Ikkje latter.
Ikkje småstein heller.
Berre uro.
Trygg og saftig uro.
Som berre er der.
Blir der.
Kjem.
Og går.
Sigandes.
I nattens mulm og mørke.
Eller om morgonen.
Helst tidleg.
Før frukost.
Til middag.
Etter kvelds.
Det knyt seg i magen.
Veks i munnen.
Å ikkje eksistere.
I sjela.
Å ikkje ville eksistere.
I livet.
Sterk uro.
Anger.
Uvite.
Alvor.
Spørsmåla.
Svara.
Tida før.
Jaktar på deg.
Et deg opp i søvne.
Knip i deg.
Innanfrå og ut.
Alt du gjer vert kraftlaust.
Utryggheten veks.
Usikkerheten gror.
Ideane.
Tankane.
Svara.
Kva du skulle gjort.
Kva du ikkje skulle gjort.
Løgner for deg sjølv.
Nye teoriar.
Evige spørsmål.
Berre du kan lura på.
Berre du kan.
Stappa tankar i hovudet på folk.
Gje dei stemma du er redd for.
Men berre du veit.
Berre du.
At du et angst til frukost.
Tenk om viss att.
Du fekk lov.
Lov til å slutte.
Slutte å puste.
For å få puste.
Berre litt.
Pause.
Åndedrag.
Du veit det.
Må prøva.
Unngå.
Likevel veit du.
I livet.
Somme stunder.
Må du eta.
Angst.
Til frukost.
Middag.
Og kvelds.