|
brukerbruker
|
Framtid
Kanskje dette for mange høyrest ut som eit luksusproblem, men uansett så er eg ekstremt opptatt av å finne ut kva eg skal med livet mitt. Spesielt i forhold til jobb og evt. ein slags karriere.
Ja, eg har slitt mykje, og sliter delvis, ja, eg har ein vanskeleg familie, ja, eg har eit lite nettverk, ja, eg har gått i mange herrens år i psykoterapi og gruppeterapi. Men, eg har ingen problem med å komme meg opp om morgonen, går ikkje på sterke medisinar, og har masse energi (nesten litt for mykje). I tillegg til dette er eg ansvarsbevisst, oppegåande, humoristisk (når eg har det bra), kreativ og reflektert.
Av og til tenker eg det handlar mykje om at eg ikkje finn min vei. Eg pleier å bli deprimert og engstelig i jobbsituasjonar. Men dette handlar ikkje berre om å ha store psykiske problem, men likså mykje om dårleg sjøltillit og å vere usikker.
Er det nokon her inne som har prøvd ulike former for karriereveiliedning, coach, eit eller anna med utprøving av forskjellige jobbar osv?
Det burde vere lettare å klare å få seg ein ordentleg jobb å trives i. Burde det ikkje?
Er mest opptatt av å finne løsningar og tips frå andre som også slit med å finne riktig retning, og vil helst ikkje høyre om at eg må sette ned mine krav for det har eg prøvd, men har ikkje fungert.
Ellers lykke til alle sammen her på sidene 
Helsing frå meg
|