|
new_dawn
|
Re: Noen som har prøvd healing?
05. desember 2011 10:59:25
Ja eg har gått ein del til healing. For meg hjelper det, men det er ingen "mirakel-kur". Det som kort fortalt skjer, er at healingen hjelper med å løyse opp i blokkeringar i kroppen din fra barndom eller andre traumer. Det kan også vere negative tankemønster.
MEN, som regel kjem det ein reaksjon der ein kan verte dårligare, men dette går over. Dei eg går til seier at det er berre å ringe når "det kjem over meg", og det har eg gjort. Har snakka med dei på tlf og dei har hjelpt meg der.
Det som er viktig er å vere bevisst kva tankar som kjem opp, "Kva er det som ligg i desse følelsane?". Healingen har hjelpt meg til å blir meir bevisst ift til mine eigne tankar.
Det er viktig med tillit til healeren og at ein kan får ta kontakt viss ein skulle gå ein reaksjon etter nokre dagar. Dette er råd å spørje om.
Kvifor dette hjelper meg, veit ikkje eg, Eg tenker sånn at samme kva det er så lenge det hjelper Dei eg går til tar 600 kr, og då er eg der i ca 1,5 time, av og til meir. vi snakker også ein del så det blir som å gå til ein psykolog. Ho dama har vore gjennom mykje sjølv så ho veit kva det er å vere deprimert og ha angst osv.
Uansett, lykke til
|